mandag 16. mai 2011

Nær Kristus, nær kvarandre, nær kvardagen

Soknerådet i Os kyrkjelyd har vedtatt ein ny visjon for arbeidet. Dette vart då disposisjonen for preika eg hadde på konfirmasjonsgudstenesta i Os kyrkje sist søndag. Og her er preika:

"Kva har dette eigentleg med kristendom å gjera?"
Spørsmålet kom frå ein av konfirmantane då me var oppe på Ulven og skulle ha leirdueskyting. Og det var jo eit godt spørsmål, for det er ikkje utan vidare lett å sjå ein samanheng mellom kristendomsundervisning og det å skyta med hagle!

Det første, heilt umiddelbare svaret eg gav, var at eitt av dei greske orda for “synd”, som me finn i Bibelen, det betyr eigentleg “å bomma på målet”. Og viss det er “synd” å bomma på målet, då kan det vera lurt å læra seg å treffa blinken.

Men det finst eit lengre svar, og det har samanheng med Os kyrkjelyd sin visjon om å vera “Nær Kristus, nær kvarandre og nær kvardagen”. For det er ein samanheng mellom skytinga og dei andre aktivitetane og kristendomsundervisninga.

Nær Kristus
For oss som driv med konfirmantundervisning, så er det eit sjølvsagt mål at konfirmantane skal læra om Gud. Og dette er slik det alltid har vore. Med utgangspunkt i Bibelen, som er den viktigaste læreboka i konfirmanttida, skal dei læra ein del grunnleggande ting om kristen tru. Og då må dei først og fremst bli kjent med Jesus. Dei må komma nær Kristus.

I preiketeksten frå Johannesevangeliet i dag høyrde me om Jesus som er den gode gjetaren. Den gode gjetaren som kjenner sine. Derfor blir det viktig for oss at konfirmantane skal bli kjent med Jesus.
Den dagen dåke blei døypt, blei dåke tatt inn i flokken til Jesus. Navnet dåkas blei sagt, og dåke blei merka med Jesus sitt merke, nemlig korset. Han kjenner dåke. Du tilhøyrer Jesus.
Men i ein flokk er det ikkje alle som er like nær gjetaren. Noken har lett for å rota seg vekk. Og det er ville dyr der ute som vil ødelegga. Livet kan vera vanskeleg. Derfor vil me hjelpa dåke til å komma nær Kristus, gjetaren vår.
Som leiarar kan me gjera ein jobb for å leda konfirmantane nær til Jesus. Ta dåke med inn i den flokken som har Jesus som den gode gjetaren. Så er det Jesus som må visa seg for dåke, og dåke må sjølv festa blikket på Jesus og lytta til det han har å seia.
Det var det første punktet: Nær Kristus

Nær kvarandre
Det å vera nær kvarandre, det kan jo bety så mykje. Det er sikkert mange gutar og jenter som likar å vera nær kvarandre, ikkje minst no når det er vår i lufta og allting. Men det er no ikkje akkurat den nærheten eg tenkjer på no då, sjølv om den kan vera fin på sin måte.
Nei, det eg tenkjer på, er at me kan komma så nært innpå kvarandre at me kan bli litt kjent og få mulighet til nokre gode samtalar undervegs i konfirmasjonstida. Det er den viktigaste grunnen til at me har delt konfirmantane inn i små grupper. For det har gitt oss ledarar mulighet til å bli litt betre kjend med nokre av dykk. Slik har me fått ein anledning til å gå saman med konfirmantane, slik Jesus gjekk saman med disiplane sine.

Og så må eg jo seia at dåke som er konfirmantar, dåke har vore veldig kjekke. Det betyr enormt mykje for trivselen, for oss alle, at dåke har vore så engasjerte og opne og at dåke har gitt av dåke sjølv dette året.
Då må eg og få nytta høvet til å takka alle dei føresette som har stilt opp gjennom heile året, med transport og praktisk hjelp, med mat og servering.
Så vil eg og takka alle dei frivillige leiarane og ressurspersonane som har vore med gjennom året. Utan dei hadde det ikkje vore mogleg å ha eit så kjekt konfirmantår.

Den dagen dåke konfirmantar blei døypte – for dei fleste så skjedde det då dåke var små – den dagen blei dåke ein del av fellesskapet i kyrkjelyden. Her skal me få vera nær kvarandre, ikkje berre i kyrkjebenken, men på dei mange aktivitetane me har og. Håpet vårt er jo at dåke skal bli verande i kyrkjelyden, som ein del av fellesskapet, etter konfirmasjonen og. Eg trur mange av dåke føler dåke heime i kyrkja og på kyrkjetunet etter kvart. Det håpar eg kan fortsetja seinare og. For me vil gjerne ha kontakt med dåke.
Det var det andre punktet: Nær kvarandre.

Nær kvardagen
Etter leirdueskytinga på Ulven, på neste konfirmantsamling på kyrkjetunet, tok eg opp spørsmålet frå konfirmanten: “Kva har dette eigentleg med kristendom å gjera?
Då snakka me om dette med jakt og kom inn på tema som handla om forvaltaransvar, at Gud har gitt oss ansvar for å rå over alle dei ville dyra, og ha ansvar for jorda vår, og me snakka om kva som er ein rett måte å forvalta naturen på. Så kom me og inn på dette med å eta kjøt eller ikkje, og me snakka litt om kva som står i Bibelen om kva mat Gud har gitt oss.
Då fekk den aktiviteten me hadde, bli eit godt utgangspunkt for ein samtale om etikk, om kva som er rett og kva som er gale.
Kristendommen handlar jo om kvardagen vårt. På godt og på vondt. Gud bryr seg om oss når me har det vondt. Han vil gjerne tilgi når me har gjort han imot, og trøysta når andre har såra oss. Og så finst det så mange gode ting i livet som Gud vil me skal gle oss over.

Me har høyrt ein bibeltekst frå Filipparbrevet, som er veldig fin. (Fil 4,8-9)
“Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, all god gjerning og alt som fortener ros, legg vinn på det! Det som de har lært, og det de har teke imot, det de har sett og det de har høyrt av meg, gjer alt dette – og fredens Gud skal vera med dykk. “
Poenget her er jo at kristendom ikkje berre handlar om det me gjer inne i kyrkja, men heile livet vårt har med Gud å gjera. Å vera kristen er ikkje å vera livsfjern. Tru handlar om kvardagen vår. Trua kan gi hjelp til å takla dei utfordringane me møter i kvardagen. Og trua får konsekvensar for korleis me lever kvardagen vår.

Nær Kristus, nær kvarandre, nær kvardagen. Frå no av er valget ditt, kva du vil gjera ut av det du har fått læra og oppleva gjennom konfirmantåret. Eg vil ønska dåke lykke til på vegen vidare, saman med Jesus.

tirsdag 3. mai 2011

Brannsløkking

I dag fekk heile kyrkjestaben leka oss med flammar. Det er alltid like gøy. Og viktig. Viktig fordi det er godt å ha prøvd seg på å bruka brannsløkkingsutstyr før me verkeleg treng det. Og gøy fordi det ikkje var alvor denne gongen, heldigvis.




Brannsløkking er vel og bra. Elles så håpar me jo at me kan bli "sett i brann" i overført tyding, så me kan bli brennande i trua og brennande i tenesta. Ei kyrkje i fyr og flamme vil me gjerne ha, berre det ikkje er kyrkjebygning eller klær som brenn!

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...