mandag 15. august 2011

Trør til for misjonen

I kveld var eg nede i den nye butikken til NMS Gjenbruk. Her er det ein ivrig gjeng med pensjonistar og andre frivillige som trør til for misjonen. Per Fimreite gjer det meir bokstaveleg enn andre, på vår gamle ergometersykkel.
Følg med på fleire nyheter etter kvart, om NMS Gjenbruk sin foreløpig siste butikk, som altså skal opna i den gamle Irisfabrikken i september. Meir på Misjonsbloggen.


tirsdag 2. august 2011

Har terroren her heime opna oss for lidinga i andre land?

Nyhetsinnslaget på Her og Nå like før dei braut inn med saka om terrorbombinga i Oslo den 22. juli, handla om at nordmenn ikkje brydde seg om internasjonale nyheter. Dei var berre opptatt av kor dei ville finna sommarsola. Det blir no meldt om at nordmenn har gitt meir enn normalt til dei sveltramma på Afrikas horn denne første veka etter terrorangrepet. Har omsorgen me fekk frå andre delar av verda gjort oss meir opne for lidinga i andre land?

Det skal mykje til for å røra nordmenn til ekstra medkjensle med dei sveltramma. Bileta av utsvelta born gjer ikkje lenger like stort inntrykk som det gjorde då filmar frå Biafrakrigen rulla over skjermane på slutten av sekstitalet. Me er blitt numne.

Mandag kveld trur eg det var, gjekk det ein film på fjernsyn: "When Harvey met Bob". Filmen handla om Bob Geldof og det som skjedde i 1984 då han tok initiativet til å gi ut Band Aid-singelen til inntekt for dei sveltramma i Etiopia, og som seinare førte til den store konserten Live Aid. Det som var så spesielt, var den intense gløden som dreiv Geldof til å gi alt for å få dette til. Han hadde fått augene opp for lidinga, og følte eit moralsk imperativ til å handla. Eg synest me ser ein refleksjon av Jesus sin reaksjon då han metta fire tusen i øydemarka (Markus 8,1-9):"Eg synest inderleg synd i folket".

I dag er vel det største underet at det faktisk finst meir enn nok mat i verda til å brødfø oss alle. Desto større blir tragedien over at dei uskuldige menneska døyr fordi dei ikkje har vatn og mat. Kirkens Nødhjelp seier at dette er den største katastrofen i området på 60 år.

Det gjer meg sint å høyra om krigshandlingane i Somalia som gjer hungersnauden større. Om grupper som Al-Shabab som nektar for at det er matkrise, og som legg hindringar i vegen for hjelpeorganisasjonane.

Då er det godt å sjå at verda er i ferd med å vakna igjen. At me har hjelpeorganisasjonar som står klare til innsats og berre ventar på at kontoen skal fyllast. Og at me ser at nordmenn viser medkjensle med dei som lir i andre land. Det har me gode tradisjonar for.

mandag 1. august 2011

Jesus: Like gale å bli sint som å drepa?

Kort samandrag av preika i Os kyrkje søndag 31. juli 2011.

I Bergpreika seier Jesus at det er like gale å bli sint på nokon og skjella dei ut, som å drepa. (Matt 5,20-24). Kan me verkeleg ta han på alvor?

I lys av terrorhandlingane den siste veka, blir det veldig vanskeleg å forstå at det går an å sidestilla det å bli sint, og det å bruka skjellsord mot andre, med det å utføra i praksis slike forferdelege handlingar som å ta livet av andre menneske med kaldt blod.

I preiketeksten i dag (5 Mos 30,11-16) held Moses ein tale til Israelsfolket, der han seier at det ikkje er vanskeleg å halda boda. Det kan virka som han seier det motsette av det Jesus seier i Bergpreika. Når Jesus skjerpar krava slik, er det ikkje akkurat lett å halda lova.

Ikkje for vanskelege?
Det er greitt nok at me klarar å halda bodet om å ikkje slå i hel. Dei fleste av oss klarar det. Men viss det er like gale å bli sint på nokon, som å drepa, kven kan då bli fri frå dommen? Ikkje eg iallfall. Og viss du les meir i Bergpreika, ser du at Jesus skjerpar krava i boda til dei grader. Han gjer det så vanskeleg at det verkar fullstendig umogleg. Kvifor gjer han det?

Vel, eg trur han vil få fram minst to poeng her.
1) Ingen av oss er uskuldige overfor Gud.
2) Viss me vil vera disiplar av Jesus, må me følgja ei åndeleg lov som har ein høgare standard enn lovens ytre bokstav.

Eit religiøst samfunn
Israel på den tida var eit gjennomreligiøst samfunn. Religionen dominerte svært mykje av livet til folk. Og dei religiøse var framfor alt opptatt av å følgja Moselova. Akkurat som i Midtausten i dag, at dei muslimske religiøse er opptatt av å følgja Sharia. Mange pirka på alle mulige detaljar, og rangerte kvarandre etter kor flinke dei var til å halda lova. Men det var ofte lovgjerningar utan kjærleik, så det kunne vera eit kaldt og hatefullt samfunn.

Ingen er uskuldige
Derfor seier Jesus til disiplane sine: De må ha ein standard som er mykje høgare enn farisearane og dei skriftlærde. Elles kjem de aldri inn i himmelriket.
Men det er klart at med ein slik standard, vil alle komma til kort. Og det er nettopp det som er det eine poenget: Alle kjem til kort overfor ein slik målestokk. Ingen kan dømma andre og seia at eg er eit betre menneske enn deg.

Paulus var ein farisear. Han var ein som hadde eit prikkfritt liv etter den normale målestokken. Samanlikna med andre folk, var Paulus ganske så perfekt. Likevel skriv han (Fil 3,3b-11) at han held det for tap. All den vellukka religiøsiteten betyr ingenting for han. Det er ikkje det som fører han til himmelen. Det er det berre Guds nåde i Jesus som gjer.
Her rører me ved kjernen i den kristne bodskapen. Det er Guds ufortente nåde som gjer at me kan bli frelst. Det er ei gåve. For standarden er så høg at ingen av oss når opp. Det er det første poenget. Ingen fortener himmelen. Me kan berre ta imot som ei gåve.

Ein høgare standard
Men så kjem det andre poenget: Jesus meiner faktisk at me skal strekka oss etter ein høg standard i livet. Derfor har Jesu ord i Bergpreika alltid utfordra menneske. Men av oss sjølv kan me aldri i livet klara å etterleva den standarden Jesus set.

Fredag den 22. juli, om ettermiddagen, sat me og høyrde på radioen då dei brått gjekk ut med ei melding om at det hadde vore ein stor eksplosjon i Oslo. Det kunne virka som eit terrorangrep. Det første som slo meg då, var at det var islamske terroristar som hadde slått til. Det var eg ikkje åleine om. I dei første timane etter bombeangrepet, mens dei fleste rekna med at det var islamistar som stod bak, var det ikkje lett å vera muslim i Norge. Mange muslimar blei redde. «No kjem me til å få skulda». Og det skjedde. Me har høyrt om fleire som fekk høyra skjellsord kasta mot seg. Nokre blei banka opp. Kva hadde skjedd dersom det viste seg at det faktisk var islamistar som stod bak terroren? Kva hadde me då fått sjå av hevnangrep? Det er ein naturleg reaksjon. Det er ikkje lett å la vera å bli sint og å komma med skjellsord. Men det er to sider av same sak. Drap byrjar med sinne. Det fortset med skjellsord, før det blir fullbyrda i gjerning. Heldigvis ikkje så ofte, men samanhengen er der. Derfor vil Jesus ikkje nøya seg med at me skal halda oss frå sjølve drapet. Det er lett nok for dei fleste av oss å la vera å slå i hel. Men me skal ha ein høgare standard enn det. Skjellsord og sinne skal me også halda oss frå, seier Jesus.

Ordet er deg nær.
Eg byrja med å seia at det kunne sjå ut som om det Moses sa, stod i motsetnad til det Jesus sa. Er det slik? Moses sa at det var lett å halda lova. Seier Jesus at det er umogleg? Jesus stod ikkje i motsetnad til Moses. Det var dei religiøse ekspertane i si samtid han stod i motsetnad til. Til farisearane og dei skriftlærde. Men han kom for å oppfylla Moselova. Kjærleiken oppfyller lova. Kjærleiken står aldri i motsetning til boda i Moselova, men det er fullbyrdinga av intensjonen i lova.

Eg trur Jesu kjærleik har vore med og inspirert folket vårt sin reaksjon etter terrorangrepet. «Om èn mann kan vise så mye hat, tenk på hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen". Det var Helle Gannestad, ei ung jente i Møre og Romsdal AUF, som var den første som sa dette, og sidan har det spredd seg over nettet med rekordfart. Det er tydeleg at det har hatt ein resonnansbotn i den norske folkesjela.

«Ordet er deg nær» seier Moses. Det er derfor han seier det er lett å etterfølgja boda.
«Ordet» er eit anna namn på Jesus. Når Jesus får prega oss, inspirera oss, då vil me få ein indre motivasjon til å oppfylla lova slik Jesus gjorde. Når me blir fylt av Jesu kjærleik, kan me gjera meir enn me trur er mogleg. Då blir det til og med mogleg å visa kjærleik overfor den som hatar oss.

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...