Likevel er eg
begeistra for at me har fått Bibelen i ny språkdrakt igjen. Heilt sidan 2005 har me hatt prøveomsetjinga
av Det nye testamentet, men no har me fått ei komplett bok som kjem til å vera
bruksbibelen vår i kyrkje og skule så vel som i heimane våre i mange år
framover.
torsdag 27. oktober 2011
Verdas viktigaste bok i ny språkdrakt
I haust har eg hatt
undervisning om Bibelen for konfirmantane våre.
Å motivera dei for å lesa i den viktigaste boka i verda var ei givande
oppgåve. For Bibelen har betydd mykje,
såvel for kulturen og samfunnet vårt, som for einskildpersonar. Men
daglegspråket vårt er i stadig endring, og då må språket i Bibelen også
omsetjast til nye generasjonar. Konfirmantane hadde funne fram Salme 23,1 der
det står at «Herren er min hyrding, det vantar meg ingenting». Då spurde eg dei kva ordet «vantar» betyr i
dette verset. Eg fekk mange gode
forslag, men ingen var i nærleiken av det rette svaret. Då er den nye omsetjinga betre, der det no
står «eg manglar ikkje noko».
Det spørst likevel om
den nye omsetjinga går langt nok. Eg
spurde dei same konfirmantane om dei forstod Jeremia 29,11, der Gud seier at
han vil gi oss «framtid og von». Kva
tyder «von»? Dei fleste forslaga gjekk
ut på variantar av «noko vondt». Derfor
hadde eg håpa at den nye omsetjinga hadde brukt ordet «håp», som dei fleste av
oss brukar til dagleg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Nye arbeidsoppgåver
Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...
-
Førstkomande søndag (20.08.2017) skal me synga denne Lina Sandell-salmen i Valderøy kyrkje, nr 316 i Norsk Salmebok 2013. Då eg såg t...
-
Det er ikkje så mykje kjensle av sommar lenger her ute på Vigra der eg bur. Uttrykket «sommar i oktober» kjem frå ein salme eg oppdaga...
-
Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...