Eg har lyst til å gi honnør til redaktør Jan Erik Andreassen i lokalavisa Øy-Blikk for glimrande dekking av kyrkje- og kristenliv i Giske kommune.
I siste nummer var det i tillegg til ein fyldig reportasje frå innsetjingsgudstenesta på Godøy, også referat frå songkvelden i Valderøy bedehus og omtale av bibelskulen på Godøya. Alt er skrive på ein god måte, og med ei positiv vinkling. Dessutan er det kvar veke den faste spalta "helgetankar" med ulike skribentar. Å ha slike artiklar i ei sekulær avis som blir lesen av alle, er betre enn å ha det i eit eige kyrkjeblad, iallfall når me kan kombinera det med gode heimesider.
Organist Richard Powell gjer meir enn å spela orgel. Denne veka lanserte han dei nye nettsidene til kyrkja i Giske kommune. Gode, oppdaterte nettsider i kombinasjon med artiklar i lokalpressa, er ein god måte for kyrkja å vera til stades i massemedia på.
fredag 24. august 2012
søndag 19. august 2012
"Fire øyar i havgapet"
Det er tittelen på boka eg fekk i
velkomstgåve frå ordføraren i Giske etter innsetjingsgudstenesta på Godøya i
dag, ei nydeleg billedbok av Jan Rabben.
I eit stappfullt bedehuskapell hadde folk frå denne flotte øykommunen
like nord for Ålesund samla seg for å vera med og ønskja den nye presten
velkommen. For Helga og meg var dette ei
flott oppleving som me vil huska når me no skal bu her ute. Kanskje kjem det vel med når vinterstormane
herjar, og me har lyst å reisa sørover.
Så langt har det heile vore som ei festreise. Me har følt oss veldig velkomne på alle
måtar. Alle me møter, er positive. Etter
gudstenesta var det "brennsnut" og sunnmørsk kakebord, helsingar, gåver og
blomar, og det var veldig oppmuntrande å høyra alt som vart sagt.
No har me fått vore med på tre
gudstenester her sidan me kom. To av dei
har eg hatt ansvaret for. Detaljane i
liturgien dei brukar her er litt annleis enn det eg er van med frå Os, men slik
er den nye liturgireforma. Det skal ikkje vera einsarta over heile landet. Eg er
no elles van med mykje forskjellig, både frå Os, frå Bergen International
Church og frå den anglikanske kyrkja, så eg vil vel læra å seia ”amen” på dei
rette stadene snart.
I dag vart eg høgtideleg innsett i den nye
stillinga av prosten i Nore Sunnmøre prosti, Svend Klemetsby. Og soknerådsleiar Arnfinn Rune Giske las opp
kallsbrevet frå biskop Ingeborg. Det var
fint, og samstundes alvorleg. Og eg
måtte tenkja på om eg hadde levd opp til det løftet eg ein gong avla i
ordinasjonen. Og vil eg kunna leva opp
til alle forventningane folk har, og dei eg sjølv har, til prestetenesta? Prosten helste oss med eit løfte frå Gud som
apostelen Paulus held fram for oss, og det løftet vil eg ta til meg:
”Og Gud er mektig til å gje dykk alle
gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha
overflod til all god gjerning.” (2 Kor 9,8)
lørdag 11. august 2012
Lause teltpluggar
Eg har aldri budd samanhengande i det same
huset meir enn sju år. Eg og familien
min har levd livet vårt med nokså lause teltpluggar, og denne sommaren har me
vore på flyttefot igjen. No er me komne
til ein stad der det bles mykje, på øyane i Giske kommune utanfor Ålesund, så
me må vel banka teltpluggane nokså djupt ned i jorda denne gongen. Kanskje me då kan bli buande lenge her? Gud veit.
Det er vel litt drøyt å kalla det for eit
telt, det huset me bur i no. Prestegarden
på Valderøy er ein stor, staseleg
tømmerbygning frå 1850, og det
kan nok vera ein solid og god heim for oss.
Det var godt å komma opp hit og pakka ut flyttelasset her no. Endå lever me med rotet frå pappesker rundt
oss, men dag for dag kjem me meir i orden.
Visst kjenner me på stress over å leva i
rot, men samanlikna med andre som må leva ufrivillig med lause teltpluggar, er
det ingenting. Medan me kjenner på gleda
over å bli ønskte velkomne til den nye staden, føler andre seg lite velkomne. Eg tenkjer på Rom-folket. Den siste tida har massemedia lært oss meir
om bakgrunnen til dette reisande folket som aldri heilt har fått til å slå seg
til ro nokon stad. Det er tankevekkande
kor lite me veit om alle dei grusomme tinga dei har opplevd i Europa gjennom
tidene, om korleis dei i mange tilfelle bokstaveleg tala har vore fritt vilt. Det
er å vona at me saman kan finna løysingar for at dette folket kan få leva i
fred med sin eigenart i dei ulike landa dei vil busetja seg i.
Som kristne har me mange grunnar til å
vera tolerante overfor reisande menneske av ulik slag som leitar etter eit betre
liv for seg og familiane sine. Vår
åndelege stamfar Abraham var ein nomade som levde som framand i dei landa han
reiste gjennom. Barnebarnet hans, Jakob,
flykta til Egypt då dei opplevde tørke.
Seinare flykta heile israelsfolket frå Egypt og levde i mange år i
ørkenen. Dei første kristne følte seg
som framande i verda. Liksom Abraham
lengta dei etter byen med dei faste grunnvollane. I dag lever me og i spenningsfeltet mellom det
samfunnet me prøver å byggja, og den komande verda, når Guds rike skal
openberrast og hans bustad skal vera mellom oss. Me kan
aldri slå oss heilt til ro før Guds rike har invadert jorda. Me ventar på byen
med dei faste grunnvollane. I mellomtida
lever me med lause teltpluggar, og gjer det me kan for å leva atter dei ideala
me har i byen med dei faste grunnvollane.
Men no er det altså her på Valderøya me
skal bu for ei tid. Kanskje i mange år.
Denne veka har eg gjort meg kjend med kollegane mine på kyrkjekontoret, og
andre som arbeider på rådhuset. Om nokre
timar skal eg feira gudsteneste for første gong i Valderøy kyrkje. Eg er spent, men gler meg til å komma i gang
med tenesta her i Giske.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Nye arbeidsoppgåver
Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...
-
Førstkomande søndag (20.08.2017) skal me synga denne Lina Sandell-salmen i Valderøy kyrkje, nr 316 i Norsk Salmebok 2013. Då eg såg t...
-
Det er ikkje så mykje kjensle av sommar lenger her ute på Vigra der eg bur. Uttrykket «sommar i oktober» kjem frå ein salme eg oppdaga...
-
Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...