Det er lenge sidan eg har posta noko på bloggen. I dag har eg feira syttande mai for første gong på øyane i Giske kommune. Gudsteneste først i den flotte mellomalderkyrkja på Giske, så gjennom tunnelen til bedehuskapellet på Godøya, der eg fekk med meg toget og kransenedlegging, før ny gudsteneste. Så var det heim på Valderøya for å vera med ei stund på skuleplassen der. Eg trur denne dagen må vera landets største dugnad, så mange som er engasjert i ulike ting denne dagen.
Nedanfor kjem preika eg heldt i dei to gudstenestene i dag, for dei som måtte vera interessert:
Preiketekst: Lukas 17,11-19
Berre samaritanen kom for å takka
Då eg
såg at me hadde fått denne teksten som preiketekst på 17. mai, så var det
første som slo meg at det var ein samaritan som kom tilbake til Jesus for å
takka Gud, medan dei andre ni ikkje gjorde det. Og ein samaritan, det var altså
ein som stod utanfor det jødiske samfunnet.
Han var ikkje utlending, men han hadde ein annan religion. Han var ikkje ein del av den jødiske
nasjonen. Han var ein framand. Viss det same hadde skjedd i dag, her i vårt
eige land, så var det kanskje ein asylsøkar som var denne eine takksame
samaritanen. Ein som nettopp hadde fått
opphaldsløyve, og i pur glede over dette kledde han seg i sin eigen
nasjonaldrakt på syttande mai, og tok med seg det norske flagget og flagget frå
heimlandet sitt. For å visa si glede
over å få bu i eit land med fridom og demokrati, og med eit ønske om at også
heimlandet skulle få del i desse verdiane.
Samaritanen
som kom tilbake til Jesus for å takka, han gjorde ikkje eigentleg som han hadde
fått beskjed om. Jesus ba han gå til
prestane for å visa at han var blitt frisk.
Det var det som stod i moselova at dei skulle, viss dei hadde ein slik
sjukdom. I staden kom han rett til Jesus
og gav Gud æra for det. Og det var det
han gjorde i spontan glede, det var det Jesus roste han for.
I staden
for å kritisera kvarandre på korleis me viser vår takksemd for grunnlova og
fridomen vår, lat oss heller sjå nærare
på kva grunnar me har for å vera takksame.
Og la oss hjelpa kvarandre til å visa takksemda vår på ulike måtar.
Kvifor takka?
Det er
ikkje alle som opplever det like sjølvsagt at me skal takka Gud.
Dåke
har kanskje høyrt om bonden som hadde rydda seg mykje nytt land ein plass. Og så kjem presten på besøk. Han ser ut over dei flotte åkrane, der det
før var skog og myr og stein. Så seier
han: “Ja, her har du med Guds hjelp fått
det meget vakkert”. “Med Guds hjelp,
seier du? Ja, då skulle du sett korleis
det såg ut her då Gud hadde ansvaret åleine.”
Men me
syng det jo slik i den gode gamle songen om nordmannen. Han som budde mellom bakkar og berg utmed
havet, veit dåke. “Her han sjølv
heve tuftene grave, og sett sjølv sine hus oppå deim”.
Er det
ikkje me som byggjer båtar som hentar fisken inn til land?
Er det
ikkje våre ingeniørar som sørger for at me får pumpa olje og gass opp frå
havbotnen? Er det ikkje me som får bygd
ut vegar, bruer og tunnellar?
Til
dette seier Paulus: “Kva anna har du,
enn det du har fått?” (1 Kor 4,7)
Og Moses:
Når du et og blir mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei, (...) ta deg då i vare så du ikkje blir hovmodig og
gløymer Herren din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.” (5 Mos 8,11-14)
Nei,
me har tusen grunnar til å takka Gud.
Kanskje me ser best kor godt me har det, når me samanliknar med andre
land.
Korleis kan me takka Gud for det me har fått?
Det er
fantastisk å sjå den gleda folk framleis viser over å feira nasjonaldagen
vår. Ikkje like stor sprudlande glede
som maidagane like etter krigen, for dei som opplevde at fridomen kom tilbake
etter fleire år med okkupasjon, dei vil nok ikkje gløyma den stemninga som var
den gongen. Likevel er det unikt å sjå
så mykje glede, så mange barn, så mange folk med ulik bakgrunn, samla seg om
denne eine dagen. Å gå i tog, å pynta med flagg og festdraktar er ein fin måte
å visa vår glede på.
Så er
me her i kyrkja for å gi Gud vår takk med bøner og salmesong. Det var det
samaritanen gjorde. Spontant. Alle ti blei friske på kroppen. Alle ti hadde grunn til å takka Gud. Berre ein kom til Jesus. Det er viktig å retta takken og gleda mot han
som gir oss livet. Så kan me også få høyra det Jesus sa til samaritanen: “Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.”
Så kan
me takka Gud ved å halda fram med å byggja det samfunnet me er ein del av. På kvar vår måte, alt etter kva Gud har lagt
ned i oss av evner og interesser. I
politikken, i næringslivet, gjennom kultur og idrett og andre ting.
Så kan
me takka Gud gjennom å tena vår neste. Heldigvis
er det mange som gjer ein kjempeinnsats kvar einaste dag, ved å ta seg av dei i
landet vårt som treng det mest? Dei sjuke.
Dei eldre. “Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære”,
seier Gud til Moses. Han ber oss også ta oss godt av innflyttarane. “Når ein
innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han (…) Du skal
elska han som deg sjølv. For de har
sjølve vore innflyttarar i Egypt.” (3 Mos 19,32-33)
Og når
me er takksame for den fridomen og freden me får ha her heime, så skal me også
løfta blikket vårt ut over våre eigne landegrenser. Så andre får ta del i den same fridomen og
freden som me nyt godt av.