I går kveld var det godt å vera i Vigra kyrkje. Det var "Onsdagskveld i kyrkja" for første gong. Ja, det var det beste namnet me fann på. Kanskje kunne me ha kalla det for "Pusterom", for mykje av tanken bak er å kunna opna kyrkja for nettopp eit pusterom midt i veka. I haust snakka soknerådet mykje om korleis me kunne bruka denne flotte kyrkja til meir enn berre gudstenester søndag formiddag ein gong i månaden. Kanskje kunne me få til noko liknande som kveldsbøna ein har hatt i Johanneskapellet på Valderøya. Ein komite vart danna, og ungdomskoret "Inspired" vart invitert til å bruka ein øvingskveld til dette eit par gonger i semesteret. Med dirigenten Kathrine Grande Røsvik i spissen, tok dei ansvaret for alt det musikalske.
Det vart halvannan time med lovsong, flotte songar ved koret, fleire vitnesbyrd og bønevandring med nattverd.
Vigra bedehus ligg vegg i vegg med kyrkja. Mykje av den
byggande aktiviteten i soknet skjer på bedehuset, i regi av Vigra indremisjon.
Her er det eit rikt barne- og ungdomsarbeid, møteverksemd og husgrupper. Og det er her ungdomskoret “Inspired” har
øvingskveldane sine. Som sokneprest i Vigra ser eg på dette som svært positivt. Til dømes er eg glad for å kunna tilby
konfirmantane eit godt miljø å vera med i utanom den formelle undervisninga. Denne vinteren har me også hatt mykje av
konfirmantundervisninga på bedehuset.
Personleg har eg mykje å takka
indremisjonsrørsla for. Eg har vakse opp
med eit godt samspel mellom kyrkje og bedehus, og kjenner meg heime begge
stader. Forkynninga på bedehuset har eg alltid opplevd varm og
inkluderande. Ikkje fordømmande og
hatsk, slik det ofte blir karikert i media, men med eit brennande engasjement
om å få med seg fleire på vegen saman med Jesus. Dette engasjementet ønskjer eg
velkomen i kyrkja, og eg er svært glad for samarbeidet me no har fått rundt “Onsdagskveld
i kyrkja”.
Neste gong det blir ein slik kveld i Vigra kyrkje blir onsdag 17. april. I mellomtida kan me gle oss over fastegudstenester i Johanneskapellet kvar veke frå askeonsdag (13. februar) og fram mot påske.