onsdag 9. april 2014

Kyrkjemøtet: siger med bismak

Det vart siger – litt overraskande – for dei konservative på Kyrkjemøtet i saka om vigsel for likekjønna.  For meg er det ein siger med bismak.

Det er ein siger med bismak fordi det berre utset ei vanskeleg sak nokre år til.  For meg personleg er det greitt med eit pusterom.   Eg slepp å forhalda meg til at kyrkja endrar teologi på ei så viktig sak som synet på kva ekteskapet er for noko.   Men homostriden har prega kyrkja i så mange år no, at for mange utanforståande verkar det som om dette er det einaste me er opptatt av. Då må eg minna om at det ikkje er dei konservative i kyrkja som har bede om striden. Me har berre respondert på utfordringa frå dei som vil endra ein to tusen år gammal praksis.

Det er ein siger med bismak fordi det er vondt å kjenna på smerten mange homofile par opplever.  Det er ikkje slik at me hatar homofile.  Det enklaste for oss hadde vore å gi etter for det massive medietrykket me opplever no. Det er også vanskeleg å seia nei til folk som ber om velsigning.  Og sjølvsagt seier me ikkje nei ut frå ei slags sadistisk hersketrang, men fordi me opplever at me ikkje har mandat til å velsigna noko som Guds ord kallar synd.  Derfor er det provoserande å bli kalla «homofob» av meiningsmotstandarane.


Det er ein siger med bismak fordi stemmeresultatet viser kor delt kyrkja er.  Nesten halvparten av delegatane stemde for å gi homofile par rett til å gifta seg i kyrkja.  Det mangla berre nokre få stemmer. Det vil vera naturleg å tenka seg at me taper ein omkamp i eit kyrkjemøte med ei anna samansetjing dersom dei konservative ikkje engasjerer seg tungt for å erobra plassar i neste valomgang.  Og sjølv om eit nesten einstemmig kyrkjemøte vedtok at dette synet ikkje er kyrkjesplittande, er eg ikkje sikker på kor lenge eg kan halda fram som prest i ei kyrkje som er så delt. Eg må iallfall tenka grundig gjennom det.  Mange av dei som støtta mindretalet i denne omgangen har allereie meldt seg ut av kyrkja, eller dei tenkjer på å gjera det. For ein del i den konservative leiren, kan det nok verka fristande å seia at «ja, berre meld dykk ut, så kan me ha kyrkja for oss sjølv».  Men kyrkja er heimen vår, og me bør ikkje ta lett på at medlemer kjenner seg heimlause her.  Jesus sa ein gong (i ein heilt annan samanheng, rett nok) at «kvart rike som kjem i strid med seg sjølv, blir lagt øyde; og ingen by eller heim som kjem i strid med seg sjølv, kan bli ståande» (Matt 12,25).   Det er trist å sjå korleis striden om ekteskapet ser ut til å øydeleggja den heimen vår som kyrkja er.  Men eg tvilar på om det er mogleg i lengda at to syn kan bli rekna som likeverdige i kyrkja vår.  

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...