torsdag 28. januar 2016

Kvifor har Moses horn i panna?

Når den 22 år gamle Jacob Sørensen Giske-gaard, eller "Tavle-Jacob" skar ut altartavla i Giske kyrkje med kniven han hadde laga av ein gammal ljå, så lagde han Moses med horn i panna.   Kvifor har Moses horn? Stemmer det at det skuldast ei feil omsetjing av Bibelen? Det fekk eg lyst til å sjå litt nærare på denne veka, for ein av tekstane for komande søndag handlar om akkurat dette.  

Komande søndag er Kristi forklarelsesdag, og tekstane frå 3. rekke finn me her.   Den første leseteksten er 2. Mosebok 34,27-35.  Her står det at når Moses kom ned frå Sinaifjellet etter 40 dagar med dei to lovtavlene i hendene, då "stråla det av andletet hans, fordi Herren hadde tala med han"(vers 29).

By Jörg Bittner Unna - Own work, CC BY 3.0, $3
Den forklaringa eg har høyrt på kvifor Tavle-Jacob skar ut horn i panna på Moses, er at han har brukt tidlegare europeisk kunst som modell, og kanskje særleg Michelangelo sin kjende statue av Moses. Men kvifor horn? Skuldast det verkeleg at Hieronimus omsette teksten feil?

Hieronimus var ein teolog som levde frå ca 345 til 420 e. Kr. Han kom frå Italia, men levde store delar av livet sitt i Midtausten. Han lærde seg hebraisk, og er mest kjend for å ha omsett Bibelen til latin.  Omsetjinga hans er kalla for "Vulgata", og var den katolske standardbibelen i tusen år.

Det hebraiske ordet som han omsette med at det vaks fram horn, er verbet qaran, som har samanheng med substantivet qeren - horn.   Min hebraisk-kunnskap er nokså avgrensa, men ut frå det eg har lese meg til, kan det omsetjast både bokstaveleg - som horn - eller i overført tyding - som stråler av lys.  Denne jødiske rabbien meiner tydelegvis at Hieronimus bevisst valde å bruka den bokstavlege tydinga for å understreka den autoriteten Moses hadde etter møtet med Herren på fjellet.  Horn er symbol på autoritet.

Men på søndag skal me høyra om ein som har endå større autoritet enn Moses.  Velkommen til Vigra kyrkje søndag kl 11.00

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...