søndag 18. februar 2018

Snart 30 år med misjon i Midtausten


Eg er på veg til Stavanger for å dykka ned i misjonsarkivet til NMS.  For snart 30 år sidan byrja Det Norske Misjonsselskap arbeidet sitt i Midtausten, og no skal eg skriva historia om dette misjonsfeltet.  Eg gler meg til å ta fatt! No har eg vore deltidsstudent ved Høgskulen i Volda i to år på masterprogrammet «Kulturmøte», og har gjennomført fire semester og like mange fag.  Eg synest det er kjempekjekt å vera student igjen, etter så mange år vekke frå skulebenken, og opplever at lesinga og arbeidet med semesteroppgåver så langt har vore veldig berikande for arbeidet mitt som prest.  Eg har fått repetert ein del kunnskap som eg har vore innom tidlegare, og så har eg fått lært mykje nytt stoff også.

Denne veka har eg tre studiedagar i Stavanger. Eg skal gå gjennom arkivstoff og sjå om eg kan finna ut kva som var dei viktigaste grunnane til at NMS valde å satsa på Midtausten som eit nytt misjonsfelt den gongen i 1990, og korleis prosessen var då dei valde samarbeidsorganisasjonar. Det byrja med støtte til organisasjonen «Middle East Media» i 1990. Tre år seinare sende dei ut dei første misjonærane – dvs. min eigen familie.  Arbeidet gjekk over i ein ny fase då den kristne satellitt-TV-stasjonen «SAT 7» vart stifta midt på 90-talet.   NMS har også samarbeidd med Bibelselskapet, med menneskerettsorganisasjonen «MIddle East Concern», og med ulike utviklingsprosjekt i Egypt.

For meg personleg har eg merka at eg er blitt meir oppglødd for NMS sitt arbeid etter at eg bestemte meg for å skriva om arbeidet i Midtausten, og det blir kjekt å komma i gang, kjenner eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...